Solveig Hareide

Solveig Hareide

11. juni 2026

Kven er klar for leik, latter og laksemoro?

Vi er glade for å kunne avsløre at Solveig Hareide kjem til Laksens Dag i Florø!

Med sitt smittande engasjement og gode humør skal ho leie lakseleikane og skape liv og røre for både store og små gjennom dagen. Her blir det aktivitetar, overraskingar og mykje moro frå scena – med sjømatglede og fellesskap i sentrum.

Vi røper ikkje alt heilt enno, men vi kan love at det lønner seg å følgje med, vere med og kanskje utfordre både familie og vener til litt vennskapleg konkurranse!

Ta turen til Laksens Dag og bli med når Solveig sørgjer for ekstra mykje energi, latter og gode opplevingar for heile familien!

Siste artikler

Vis alle