
Norske Kokkers Landsforening på Laksens Dag
15. juni 2026
Laksens Dag i Florø blir ei smaksrik oppleving for både store og små. Under arrangementet får vi besøk av kokkar frå Norske Kokkers Landsforening, som lagar smaksprøver til om lag 5000–7000 personar. Det blir servert ein variert meny med 5–6 ulike rettar, i tillegg til ei smakfull fiskesuppe.
Barnas Kjøkken
Barnas Kjøkken er eit eige opplegg der barna får lære å filetere fisk og lage sin eigen fiskepakke. Her blir det også brukt litt skalldyr saman med grønsaker og anna tilbehøyr – ei lærerik og morosam oppleving for barn i alle aldrar.
Det blir tre stasjonar med aktivitet, og det stiller totalt ti kokkar, eventuelt også lærlingar og elevar frå restaurant- og matfag.

Norske Kokkers Landsforening
Bak smaksopplevingane på Laksens Dag står Norske Kokkers Landsforening - ein landsomfattande organisasjon for profesjonelle kokkar. NKL arbeider for å fremje norsk matkultur, styrke rekrutteringa til kokkefaget og utvikle kompetanse blant både unge og erfarne kokkar. Gjennom arrangement so Laksens Dag bidreg NKL til å løfte fram norsk sjømat og inspirere nye generasjonar til å velje matfaglege yrke.

Alle er hjarteleg velkomne til smaksprøver og gode matopplevingar under Laksens Dag i Florø.
Meny
- Fiskesuppe med aure/laksebollar og rotgrønnsaker
- Pannekake m. Varmrøkt laksekrem
- Poke bowl
- Sashimi av Laks med eple og mangosalat(TortillachipsPonzusaus ) el
- Aure rulade med farse av røkt aure,spinat og Ramsløkkrem
- Bakt laks m. lun eple,fennikel smørsaus
- Rødbetegrava Laksefilet på Rugbrød og pepperrotkrem
- Grilling av fisk og skalldyr på Barnas kjøkken
Siste artikler
Vis alle
Norske Kokkers Landsforening på Laksens Dag
Norske Kokkers Landsforening lagar smaksprøver til om lag 500–700 personar under Laksens Dag.
15. juni 2026

Solveig Hareide
Solveig Hareide frå NRK loser dykk gjennom dagen frå scena i Strandgata
11. juni 2026

HAAV Sjømatkonferanse
Fredag 19. juni arrangerer vi i samarbeid med Aksello Sjømatkonferansen HAAV!
9. juni 2026

Glimmer
I år er det Glimmer som avslutter Laksens Dag i Florø.
4. juni 2026