Olivia Husabø på The Voice

Olivia Husabø

22. mai 2025

Olivia Husabø står på scena under Laksens Dag i Florø den 21. juni – for tredje gong! Ho debuterte på arrangementet som 13-åring i 2022 og imponerte stort med si kraftfulle stemme og store scenerøynsle. Nylig kom ho på andreplass i TV 2-programmet The Voice – Norges beste stemme!

I årets sesong har Olivia (16) begeistra både publikum og mentorar, og ho gjekk vidare til semifinalen etter ei sterk framføring av låten «Euphoria». Mentor Gabrielle Leithaug rosa henne for både stemma og sjølvtilliten. Finalen i The Voice går av stabelen 23. mai, og heile Florø heiar på Olivia!

– Eg elskar å synge og opptre, og har lyst til å drive med dette lenge. Å vere med på The Voice er ei heilt fantastisk oppleving, seier Olivia.

Vi er svært glade for å få Olivia tilbake på scena i heimbyen, og oppmodar alle om å møte opp for å oppleve ei ekte stemmestjerne – live i gata!

Siste artikler

Vis alle