Laks • sjømat • matglede

Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane førebur all maten på Øyrane VGS i Førde, og har mykje arbeid framfor seg, før dei set nasa mot kysten. Vi har ca. 130 kg laksefilet og ein masse tilbehøyr som skal forvandlast til gatefestmat, fortel Bodil.

Vi gler oss og håpar at folk i Florø trassa dei dårlege vêrmeldingane og kjem for å smake på skikkeleg festmat.

Norske Kokkers Landsforening Sogn og Fjordane kjem til Laksens Dag, med tusenvis av smaksprøvar!

Bodil Erdalsdal som leiar foreininga fortel at dei gler seg veldig til laksedagen i Florø, som etterkvart er blitt ein tradisjon. For oss er det viktig å promotere god mat og rekruttere til kokkeyrket. Vi samarbeider med alle matnæringane og laksenæringa er sjølvsagt svært viktig.

Bodil og gjengen – som tel heile 10 kokkar – lovar mange spennande smakar for dei som kjem i Strandgata på laurdag. Vi skal stå på 3 ulike stasjonar og har med oss tusenvis av gode smaksprøvar – så det er berre å ta turen. Vi har med oss 8 ulike rettar i tillegg til ei varmande fiskesuppe.

Barnas kjøkken

På to av stasjonane delar vi ut smaksprøvar til alle, men på den tredje stasjonen er det barna som står i fokus. Her er ungane velkomne til å komponere sin eigen rett. Vi stiller med grill, laksefilet og grønnsaker – og i år har vi til og med skaffa kreps og kamskjell.

Det er viktig at ungane får bestemme sjølve kva som skal inn i pakken som skal på grillen – då smakar maten ekstra godt, smiler Bodil.

Menyen på Laksens Dag

Tusenvis av spennande smaksprøvar i Strandgata