Solveig inviterer til Florøs tøffaste laksefest

Florøjenta Solveig Hareide er kjent frå utallige program på NRK, og som barnebokforfatter. For tida jobbar ho dag og natt som prosjektleiar for NRK-serien NORGES TØFFESTE. Solveig vil ta med seg idéar frå TV-programmet til scena i Florø, på Laksens Dag. Her kan det bli tøffe utfordringar!

I løpet av dagen vil Solveig kåre Norges tøffaste gladlaksar. Vi vil gjerne ha både barn og vaksne på scena, som saman skal få utfordre seg sjølv i spennande konkurransar. Her kan det vere ein fordel å vere både sterk, smidig og å tåle litt ekle ting.

Det viktigaste er å ta utfordringane med eit smil – og så kan det hjelpe med litt flaks 😉

Planen er å ha denne kåringa der lag med barn og unge konkurrerar mot kvarandre. Kanskje blir det ekstra spennande i den sekvensen der barna konkurrerer mot dei vaksne.

Det blir sjølvsagt flotte premiar!

Loading...
Laksemoro på laksens dag

Det blir mange spennande aktivitetar heile dagen! Solveig vil ikkje røpe alt – men det blir garantert moro.

Kanskje vil du vere med på

  • Fileteringskonkurrane
  • Barnekokkekåring
  • Lykkelaksen
  • Laksebowling
  • Sleipe laksekonkurransar