Mat • moro • musikk • glede • samhold 

Berre ei veke igjen folkens – jublar byens gladaste laks – Per Vidar Ottesen.

Laksens Dag er først og fremst glede, og musikken er utruleg viktig meiner Per Vidar. Det blir konsertar rundt alle hushjørner både fredag og laurdag. Det irskinspirerte bandet The Fingals skal skape stemning i heile byen. Fredagskvelden skal dei mellom anna spele på bryggekanten ved Quality, og dei kan dukke opp over alt laurdagen. Frå klokka 15 skal dei ha konsert på scena i Strandgata.

På dagtid blir det musikk med unge lovande talent frå kystbyen. Olivia Husabø skal ha minikonsert på utescena klokka 12.30 – og klokka 13.45 får vi ein flott konsert med Alice Hugøy. 

På kvelden blir det full trøkk i teltet på Torget frå klokka 21.00.

The Fingals spelar opp frå klokka 22.00 – her blir det havsalt irsk musikk.

Den fargerike artisten Sol Heilo er eit multitalent og vil lage kjempestemning i SPV teltet på kaia. Sikr deg billett i dag

Dette blir magisk!

Kjøp billett til teltet her